Universiteta i Berlin, Manchester og Cambridge

One Life – Three Universities

– Berlin
– Manchester
– Cambridge

Wittgenstein studerte ved universiteta i Berlin (ingeniør), Manchester (flyteknikk) og Cambridge (filosofi). Seinare blei han professor i Cambridge.

Dei tre universiteta har gått saman for å støtte opp under gjenreisinga av huset i Skjolden. Samarbeidet omfattar også ei utvida gruppe frå Universitetet i Bergen (Wittgensteinarkivet, Institutt for filosofi) og filosofi- og kulturmiljø i m.a. Austerrike (Wien, Kirchberg).

Universiteta har høg kompetanse innan bygningsvern, kunst- og bygningshistorie, rehabiliteringsmetodikk og -teknikk, logistikk, arkitektur og planlegging i tillegg til filosofi. Turisme og korleis eit lokalsamfunn kan handtera den straumen av tilreisande som vil følgje av dette arbeidet er også innanfor fagfeltet. Gruppa har tilgang til fleire originalarkiv med Wittgenstein-material, m.a. i Cambridge.

Prosjektet skal mobilisere studentar, etablere kurs og aktivitetar, inkl. deltaking i rehabiliteringsprosjektet.

Prosjektleiar er professor Harald N. Røstvik.

 

Høyr meir: NRK Verdibørsen 25.02.2017

Les meir: Vi er gode til å bore tunneler i Norge, men vi har vist liten respekt for husene til store kunstnere

Les meir: Tilbyr Skjolden stort akademisk løft