Føremål og visjon

Stiftinga Wittgenstein i Skjolden (SWiS) er ei sjølveigande, privat stifting etablert i 2014 med fem partar. Kvar part er representert i styret med eitt styremedlem.

Føremål

  1. Sikra kulturhistoriske verdiar etter Ludwig Wittgenstein sitt arbeid i Skjolden.
  2. Utvikla og forvalta eigedom og bygningsmasse relatert til eigedommen i « Østerrike» ved Eidsvatnet i Skjolden og gjennom dette medverka til lokal verdiskaping.
  3. Gjera kunnskap og historie om Ludwig Wittgenstein i Skjolden tilgjengeleg. Dette vil inkludera relevante nasjonale og internasjonale fagmiljø.
  4. Ta vare på antikvariske verdiar som er knytte til Wittgenstein sine opphald i Skjolden.

 

Fyrste mål er å flytte det godt bevarte Wittgensteinhuset attende til grunnmuren der det i si tid vart oppført. I tillegg kjem arbeidet med utbetring av tilkomsten, reetablering av den handsveivopererte taubana for vassforsyning og å få informasjon på plass.

 

Visjon

I eit meir visjonært syn ser me for oss at Skjolden, med huset til Wittgenstein som inspirasjon, kan utviklast til eit internasjonalt reisemål for mangearta opplevingar, basert på filosofi som tema. Dette med føremål innføring i humaniora, skape refleksjonar over vår livshaldning for unge og eldre gjennom studiar, filosofivandringar, sabattopphald og seminarar, alt knytte til den unike omgivnaden Wittgenstein fann i Skjolden; stilla ved vatn, fjord og fjell.Den visjonære fasen har stort potensiale. Realiseringa vil avhenge av ”å treffe” sponsorar.