Samarbeid

Luster kommune står som eigar av tomta men har gjeve SWiS disposisjonsrett over området i 20 år frå 2016. Kommunen held forsikring for huset medan SWiS står for alt av drift.

Lokalt samarbeidar SWiS med dei ulike aktørane innan turisme m.m. i Skjolden, eksempelvis ved at SWiS har utarbeidd og produsert marknadsføringsmateriell, sjå brosjyre.

Turen til og frå Wittgensteinhuset er ein viktig del av opplevinga for gjestene våre. For å hindre forfall av dei historisk landbruksrelaterte bygningane langs turvegen, har me inngått avtalar med to av grunneigarane. Stiftinga har fått stilt husa til disposisjon mot å ta arbeidet med å hindre forfall.

Eit av desse husa, tilhøyrande Monica og Simon Page, blir i 2022 innreia med historisk informasjon om både attendeføringa av Wittgensteinhuset og om den historiske landbruksverksemda i området. SWiS har invitert Luster Sogelag til samarbeid om dette.

Årleg blir det arrangert Wittgensteinseminar ved Walaker Hotel i Solvorn. SWiS medverkar her med beretning om attendeføringa av huset og ved guiding ved utfarten til huset.

Universitetet i Bergen har ymse ekskursjonar og arrangerer i 2022 om anna seminar ved Skjolden Hotel i nær kontakt med SWiS.

Internasjonalt følgjer me Wittgenstein Initiative i Wien med Radmila Schweitser som leiar og med Knut Olav Åmås i styret, sjå wittgenstein-initiative.com.

Stiftinga har eigen samarbeidsavtale med Luster Sparebank. Banken yter tilskot til den ordinære drifta vår og til nokre arrangement. Stiftinga på si side marknadsfører prinsippet «bruk den lokale banken», ein særs verdfull aktør i lokalmiljøet og med gode, profesjonelle tenester for kundane.