Ein historisk rotur

Wittgensteinbåten

Ein båt som denne –strandebarmar– var framkomstmiddelet filosofen Ludwig Wittgenstein hadde for å koma frå huset sitt, på fjellhylla 45 m over Eidsvatnet, til og frå Skjolden.

Du kan på eige ansvar – også for eventuell skade på båten – disponere båten ved sjølvbetjening i inntil 2 timar for kr 300, alternativt kr 500 for ein heil dag ved å vippse betalinga til 624494. Redningsvestar finn du i putekassa.

Vilkåret er at du er ansvarsfull og båtvant. Båten må handsamast med høgste varsemd, særleg ved eventuell landgang mot stein. Fortøying må gjerast slik du finn båten.’

ADVARSEL

Ro ikkje nær elveosen! Straumen er sterkare enn du trur!