2020

For meir inngåande informasjon om aktiviteten i coronaåret 2020, sjå:

Årsmelding SWiS 2020

 

Elddåp for Wittgensteinhuset som arena

Laurdag 26. september innvidde Cecilie Løveid huset som arrangementarena. Knut Olav Åmås, som årleg i 9 år har hatt utflukt til berre grunnmuren på tomta  med deltakarane i sitt Solvornseminar, kunne no ved 10-årsjubileet for første gong syne det ferdige huset. Cecilie Løveid foredro sitt seminarinnlegg på loftet, og det fungerte svært godt. Sveivegrammofonen vart donert av Eirik Holm til elddåpen. Me ynskjer Åmås med sine filosofiengasjerte vener velkomen attende for minst 10 nye år!

Foto: Knut Olav Åmås

Nytt styre etablert i styremøte 8. juni

Etter at ordførar Ivar Kvalen trekte seg frå styret vart nytt styre etablert som følgjer:

Trygve Martinussen/frittståande – ny styreleiar,

Harald Vatne/Skjolden Bygdelag-nestleiar,

Jon Bolstad/Skjolden Aktiv,

Rune Falch/Universitetet i Bergen – sekretær

Marianne Bugge/Luster kommune.

Gode attendemeldingar i gjestebøkene

Gjennom heile våren og sommaren har det vore jamn valfarting av interesserte til huset. Dette ser me av gjestebøkene utomhus i bokkassa og den som ligg inne. Gjennomgåande blir det gitt uttrykk for at det er ei særskilt oppleving å ta seg opp til huset og her undre seg over mannen som søkte tilflukt i eige hus på denne fjellhylla. Det er gledeleg for stiftinga å kunne dele denne begeistringa med både dei fagleg filosofiske gjestande og like mykje med dei som kjem med eit åpent sinn.