Fredningsmarkeringa 13. mai 2022

Diplomet

Tekst og foto: Eli Hansen Moen

PROMINENTE GJESTAR: Fredningsmarkeringa hadde fleire prominente gjestar, her representert ved fylkesordførar Jon Askeland og ordførar Ivar Kvalen. Styreleiar Trygve Martinussen til venstre.

– Det gler meg at det tilbakeførte huset til Wittgenstein no får varig vern. I tillegg til å setje Noreg på verdskartet, er det Wittgenstein sin bustad og arbeidsplass der han skreiv delar av verket «Filosofiske undersøkelser». Alle som har bidrege, skal ha ein stor takk, men dette hadde ikkje vore mogleg utan frivillige. Kulturminnevern er heilt avhengige av engasjerte menneske, slo riksantikvar Hanna Geiran fast.

Fylkesordførar Jon Askeland uttrykte takksemd for arbeidet som er gjort av Luster kommune, Stiftinga Wittgenstein i Skjolden og andre.

– De har sikra både huset og historia for ettertida og komande generasjonar. Wittgenstein inspirerer folk den dag i dag. Rausheit og samarbeidsvilje har sikra prosjektet, sa fylkesordførar Jon Askeland i helsinga si.

INFORMASJONSTAVLE: «Wittgenstein’s quiet seriousness» er tittelen på den nye informasjonstavla som ligg langs stien på vegen opp til huset. Tavla gir dei besøkande ei kort innføring i Wittgenstein sitt forhold til Skjolden. Styret avdukar tavla: Harald Vatne i gul jakke med ryggsekk i forgrunnen, Trygve Martinussen til høgre for tavla, Rune J. Falch fyrste til venstre for tavla og Jon Bolstad andre til venstre for tavla.

I huset på området som lokalt kallast «Austerrike», skreiv Wittgenstein fleire sentrale verk innan moderne språkfilosofi og logikk. 27.september 2021 vart huset, stien opp frå Eidsvatnet og det næraste området rundt freda av Riksantikvaren. 13. mai 2022 vart dette markert med ein seremoni på Fjordstova i Skjolden, avduking av informasjonstavla «Wittgenstein’s quiet seriousness» og syning av huset utvendig og innvendig.

Riksantikvar Hanna Geiran skriv helsing i gjesteboka.

Les nokre av helsingane i gjesteboka under (trykk på for større versjon):

Første attendeflytting av hus i Noreg

Før huset frå 1914 igjen sto attende på grunnmuren i fjellsida over vatnet i 2019, har det vore gjort eit viktig arbeid av mange over fleire tiår. To av eldsjelene har vore Trygve Martinussen og Harald Vatne, leiar og nestleiar for Stiftinga Wittgenstein i Skjolden. Tilhøyrarane fekk eit innblikk i flyttinga av huset, reetableringa av utedo og vassforsyninga frå Eidsvatnet og opp til huset.

Eternitplatene utanpå huset har skjerma godt for vêr og vind etter flyttinga ned til Bolstad. Arkitekt Ole Marius M. Løken fortalde korleis god merking av tømmerstokkane letta arbeidet med å plukka frå kvarandre og flytta huset tilbake. Grunnmuren var i så god stand at huset kunne plasserast rett på den gamle muren, sa byggjeleiar Ole Martin Bakken. Og så langt me veit er det første gong eit hus i Noreg har vorte flytta tilbake til si opphavlege plassering!

Møbleringa i huset inkluderar tre originalar: Senga, benken i stova og kjøkenhjørneskåpet. LW var også svært musikalsk og hadde klarinett som han oppbevarte i ei gamal ullstrømpe.

Plass for dei store tankane

Også Knut Olav Åmås, direktør for stiftinga Fritt Ord, deltok ved fredingsmarkeringa. Han har i mange år engasjert seg for attendeføringa av Wittgensteinhuset, og skreiv mellom anna boka «Det stille alvoret: Ludvig Wittgenstein i Norge 1913-1950» frå 1994.

– Det er ikkje berre eit hus og ein stad som er freda no, men ein heilt sentral skriftstad i tenkinga i det 20. hundreåret. Noreg har fått eit nytt levande kulturminne av format, knytt til tenking. Det er ikkje mange slike. No kan vi vere både ved og i huset til Wittgenstein der han skreiv store verk. Det blir spennande å sjå korleis huset blir brukt framover. Takk til flytteprosjektet, og ein spesielt stor takk til Harald Vatne! Det var på ingen måte gitt at de skulle lukkast, sa Knut Olav Åmås.

Stiftinga Wittgenstein i Skjolden (SWiS) held omvising i huset for dei som ønskjer å sjå og oppleve korleis Wittgenstein levde og arbeidde i Skjolden. Huset har framleis ein utfordrande tilkomst langs den bratte stien opp frå vatnet. Der dei fleste finn fram langs stien frå Vassbakken og langs vatnet, kan ein også nå det med ein romantisk robåttur over Eidsvatnet. Les meir om dette under opplevingar.

– Her fann Wittgenstein roa til å tenkje dei store tankane. Difor er det viktig for Riksantikvaren at huset har kome tilbake der det stod. Wittgensteinhuset var ein stad for kontemplasjon. Kanskje kan staden bidra til nye tankar i ei tid der vi treng nye tankar, sa riksantikvar Hanna Geiran.

Enkel standard: Ludwig Wittgenstein kom frå overklassen i Austerrike, men fann arbeidsro i det enkle trehuset med den spektakulære utsikta inst i Sognefjorden.