Wittgenstein’s Boat Europa rundt

Norges mest leidande konseptuelle kunstnar, Marianne Heske presenterte første gongen båten frå Skjolden på verdas største litteraturmesse, Frankfurter Buchmesse i 2019. Prosjektet fekk omfattande internasjonal merksemnd i presse og TV.

Til åpninga av utstillinga av båten ved festspela i Bergen 19. mai i år var Jon Bolstad og Trygve Martinussen frå SWiS invitert. Båten skal deretter vidare til Berliner Festspiele, Athen, Venedig, Paris og kanskje også til New York. Med på biletet er også Øystein Høyheim frå Luster, nr. 2 frå v.. Han vart varmt takka av Marianne Heske for all praktisk bistand ved overrekking av eit av hennar eigne kunstverk.

Wittgenstein er den filosofen som alltid har stått Marianne Heske nærast. Ho brukar båten som ein lada metafor for rørsle, hennar tankeforflyttingsprosjekt er liknelsar.