Endring i styret i SWiS

I styremøte den 20. juli 2022 vart Harald Vatne varmt takka for sitt arbeid med Wittgensteinprosjektet. Han har vore med i styret som representant for Skjolden Bygdelag sidan etableringa av stiftinga i 2014. I fleire titals år før den tid har han arbeidd med dokumentering av Wittgenstein sitt liv i Skjolden og forfatta bok om dette tema..

Nytt styremedlem blir Eli Hansen Moen. Ho er busett i Skjolden og har sitt daglege virke som rektor på Luster Oppvekstsenter. Ho er ein ivrig hobbyfotograf med noko bakgrunn frå kundebehandling, reklameteikning, animasjon og turistmarknadsføring. Ludwig Wittgenstein sitt liv og virke i Skjolden var noko av det første ho gjorde seg kjend med i Skjolden som innflyttar midt på nittitalet. Då opplevde ho å få mange spørsmål om han i turistinformasjonen, særleg frå utanlandske turistar. Då var m.a. Harald Vatne ei nyttig informasjonskjelde å ha.