Ivaretaking og drift av W-huset er den fremste oppgåva for styret i stiftinga. Men me er òg opptekne av landskap og dei kulturhistoriske bygningane på vegen inn til huset. Med få eigne folk krummar me no ryggen for restaurering av utmarksløa tett ved vegen. Kanskje fins det pensjonistar e.a. som vil krumme ryggen saman med oss ein dag eller tre? Sosialt samvær, kanskje eit godt måltid eller to og gode minner kan bli resultatet, sjå dette dokumentet for meir informasjon.