Rekordtidleg opning av W-huset i 2024: 29. februar

Tekst og foto: Trygve Martinussen

Spreke studentar frå Arkitekthøgskulen i Oslo under leiing av professor Tine Hegli m.fl. sto for den rekordtidlege opninga av Wittgensteinhuset den 29. februar. Gledeleg å registrere den arkitektfagelege interessa for vidareføring av arven etter filosofen.

På tross av tidleg opning var stien opp til Wittgensteinhuset godt farbar.