Av Oddvin Sørheim (tekst og foto)
Èin av våre lokale guidar i Wittgenstein-huset på Skjolden, Oddvin Sørheim, gjorde i midten av april ei reise til Ludwig Wittgenstein sitt heimland Austerrike. Den kjende filosofen var fødd 1889, og vaks opp i ein særs velståande familie i Wien. Hovudhuset til familien, kalla Palais Wittgenstein, vart etter andre verdskrig rive og erstatta med ein annan bygning. Det mest kjende minnesmerket etter han i byen er truleg Haus Wittgenstein, som frå ferdigstilling i 1928 var bustad for søstera Margaret Stonborough. Byggjestilen er modernistisk og omfattar tre rektangulere blokker. Arkitekt Paul Engelmann og Ludwig teikna huset saman. Bygningen er i dag eit kultursenter eigd av den bulgarske ambassaden, og deler av huset kan vitjast etter avtale. Radmila Schweitzer frå foreninga Wittgenstein Initiative var så venleg å visa rundt i huset, og fortalde om ulike sider ved Wittgenstein sitt liv og virke i Wien. Mange takk til henne for ein spennande og givande dag i Wien!
I seks år, i perioden 1920 – 26, verka Ludwig Wittgenstein som lærar på barneskular i tre landsbyar i Niederösterreich eit stykkje sør for Wien. I den første tida, 1920 – 22, budde og arbeida han i Trattenbach. Denne rolege landsbyen ligg i ein trong dal omkransa av skog. Reisa dit frå Wien med dagens transport med tog, buss og taxi tek knappe to timar. Innbyggjartalet er i dag omlag 500. Skulen er framleis i bruk under namnet Wittgenstein Volksschule. Eit hus der Wittgenstein for ein kort periode leigde eit rom, er gjort om til museum. Av tinga i museet kan nemnast Wittgenstein si seng, som han henta tilbake frå Cambridge, og i tillegg foto, læremiddel og interiør frå skulen den gong. Museet kan vitjast etter avtale. Me vil retta ein stor takk til administrator på rådhuset i Gemeindeamt Trattenbach for omvising og informasjon om Wittgenstein si tid som lærar.