Velkommen til Wittgensteinhuset

Stiftinga ynskjer deg velkommen til å besøke området ved huset og huset i perioden april-oktober. Frå startpunktet på Vassbakken passerer ein på vegen fleire informasjonstavler og ein bileteutstilling på ein løevegg.

Dersom besøkande også ynskjer å ta ein tur inn i huset kan nøkkel leigast på Vassbakken Kro og Camping (kart) eller Coop Marked Skjolden (kart), der pris er 100 kr pr. vaksen person. Pris studentar og tenåringar 50 kr, born gratis. Ved fleire enn 2 vaksne i same familie er pris 50 kr for nr. 3 osv.. Dette gir tilgang til huset i 1 time. Det er ikkje mogeleg å overnatte i huset.

Les meir i denne brosjyren.