Ved styremøte 25. juni vart Eli Hansen Moen valt til ny styreleiar. Ho erstattar Trygve Martinussen som har vore med som styremedlem frå stiftinga vart stifta i 2014, og leiar frå 2020 til 2024. Trygve vil framleis vere aktiv som vararepresentant for sin tidlegare styreposisjon, og jobbar bl.a. vidare med utmarksløe-prosjektet. Han vart under styremøtet takka for sin uvurderlege innsats for å få huset tilbakeført, gjere dette tilgjengeleg for allmenta og skape aktivitet rundt temaet Wittgenstein i Skjolden.
Frå same dato trer tidlegare vararepresentant for Skjolden Aktiv, Vegard Bolstad, inn som styremedlem, no som representant for partnar i stiftinga, Trygve Martinussen.