Hausten 2023 mottok me i Stiftinga Wittgenstein ein førespurnad frå De Bedachtzamen i Nederland om eit bilete frå Wittgensteinhuset kunne vera med i ei eksklusiv syning av utvalde, stille arbeidsplassar. Tanken bak er å rette søkelyset attende mot stilla i munkane sine enkle kår i klostertilvære. Dette var interessant og inspirerande for oss, svært treffande for vårt arbeid som går ut på å syne den arbeidsplassen som filosofen Wittgenstein fann fram til som sin beste:
I do believe, that it was the right thing for me to come
here, thank God. I can`t imagine that I could have worked
anywhere as I do here. It’s the quiet and, perhaps, the
wonderful scenery; I mean its quiet seriousness.
Brev frå Wittgenstein til More i oktober 1936
Vårt forslag om å syne desse arbeidsplassane for besøkande til Wittgensteinhuset og andre interesserte vekte igjen stor begeistring hos De Bedachtzamen. Dei har òg stått ansvarlege for lay-outen og arrangeringa av biletene på låveveggen. Dei synte bileta med fleire er publisert i ei eiga lita bok kalla monk´s cell. Boka er trykt opp i eit nummerert, mindre opplag. To av desse bøkene er generøst donert til oss i SWiS.