Fleire og fleire besøker Wittgensteinhuset i Skjolden

Tekst og foto: Eli Hansen Moen

Besøkande til Wittgensteinhuset i Skjolden aukar jamt kvart år. For 2025 ventast talet å passere 3500. Det er ei særs gledeleg, positiv vekst.

Stiftinga har sidan våren 2022 registrert fotturistane som går opp til Wittgensteinhuset i perioden mai-oktober. Det første året var det 2733 registreringar, i 2023 vart det registrert 2974 og i fjor stoppa teljaren på 3272. Det er grovt rekna 10 % auke for kvart år, noko som er særs gledeleg. Det er faktisk 11 gonger fleire enn innbyggartalet i bygda.

Tala har ikkje teke høgde for turistar og andre som går opp utanfor sesong. Det reelle talet ligg truleg noko høgare. I 2025 vil dei for første gong registrere alle besøkande gjennom heile året, og då vil tala vere meir til å lite på frå år til år. Og trenden er at fleire og fleire nordmenn får auga opp for den unike plassen over Eidsvatnet der huset er attreist.

Auka slitasje

Auka av besøkande til Wittgensteinhuset har også bydd på utfordringar. Stien opp til huset har fått auka slitasje, tauet til å halde seg i blir fort nedslite, og dørlåsen gjekk bokstaveleg tala i lås midt i fjorårets høgsesong. I tillegg er det fleire som ønskjer personleg gaiding enn Stiftinga har kapasitet til. For å ivareta både tryggleiken og landskapet, er det heilt naudsynt å gjere nokre tiltak.

Området er freda av Riksantikvaren, så det er ikkje heilt beint fram å utbetre stien. Det gamle tauet er allereie bytt ut med eit blandingsprodukt som ser ut som eit tidstypisk tau, men er ein forsterka versjon. I tillegg har dei sett seg nøydde til å verne tauet med plastkanalar der tauet gneg direkte mot fjellknausane. Erfaringane så langt er gode. Utbetring av stien vil bli høgt prioritert i tida framover.

Ikkje «a walk in the park»

Likevel er det ein del som trur det er «a walk in the park» å ta seg opp til huset. Det er dessverre ikkje tilfelle for alle. Med besøkande frå nær sagt heile verda, er det nokre som rett og slett er litt for dårleg forberedt. Dei blir overraska både over at det kan vere gjørme, at det er glatt, bratt og ulent, og fleire plagast av høgdeskrekk. Likevel trur vi på fleire besøkande i 2025.

I ein liten mikro-statistikk på dei som leiger nøkkel, kom det flest besøkande frå Noreg, Tyskland, USA/Canada, Nederland og Sverige, men det kom også langvegsfarande frå både Iran og Singapore i fjor. I sesongen kan besøkande leige nøkkel til huset både hos Coop Marknad Skjolden og ved Vassbakken Kro og Camping. Inntektene går uavkorta til å ta vare på stien og området rundt. Stiftinga er elles tufta på dugnad, og Stiftinga ønsker alle velkomne som vil bidra, enten økonomisk og/eller på dugnad.