Fleire og fleire besøker Wittgensteinhuset i Skjolden
Besøkande til Wittgensteinhuset i Skjolden aukar jamt kvart år. For 2025 ventast talet å passere 3500. Det er ei særs gledeleg, positiv vekst.
Besøkande til Wittgensteinhuset i Skjolden aukar jamt kvart år. For 2025 ventast talet å passere 3500. Det er ei særs gledeleg, positiv vekst.
Bob, saman med sin partnar Kaaren (1/4 norsk), ba i slutten av oktober i fjor om å få gjeste W-huset. Dette er utanom sesongen, men vår styreleiar Eli stilte velvillig opp som guide. Bob underviste filosofi på Yale på 70-talet, og hadde hatt ein langvarig draum om Skjolden. Bob og Kaaren vart fasinerte over å […]
Eit høgdepunkt kvart år for SWiS er å få besøk av Wittgensteinseminaret, arrangert som eit samarbeid mellom Knut Olav Åmås og Walaker Hotell. Trygve Martinussen, tidlegare styreleiar i stiftinga, bidreg som han har gjort mange gonger før. Takk for besøket!
Tekst og foto: Trygve Martinussen Stiftinga Wittgenstein i Skjolden (SWiS) har som sitt fremste føremål å drifte W-huset. Ved sida av dette kjenner me også på ansvaret for ivaretaking av landbrukskulturlandskapet på vegen inn til huset. Me vil for all del hindre at nok eit gamalt hus med kvar sin unike kulturbakgrunn skal bryte saman. […]
Hausten 2023 mottok me i Stiftinga Wittgenstein ein førespurnad frå De Bedachtzamen i Nederland om eit bilete frå Wittgensteinhuset kunne vera med i ei eksklusiv syning av utvalde, stille arbeidsplassar. Tanken bak er å rette søkelyset attende mot stilla i munkane sine enkle kår i klostertilvære. Dette var interessant og inspirerande for oss, svært treffande […]
Stiftinga Wittgenstein i Skjolden er 10 år, og vil markere det med ope hus under Kulturdagane Skjolden 2024. Les meir om dette under Arrangement.
Av Oddvin Sørheim (tekst og foto) Èin av våre lokale guidar i Wittgenstein-huset på Skjolden, Oddvin Sørheim, gjorde i midten av april ei reise til Ludwig Wittgenstein sitt heimland Austerrike. Den kjende filosofen var fødd 1889, og vaks opp i ein særs velståande familie i Wien. Hovudhuset til familien, kalla Palais Wittgenstein, vart etter andre […]
Huset har kome til sin fulle rett! Sjå meir på nettsida for filosofi og idèhistorie: https://www.salongen.no/nyheter/179523
Wittgensteinseminaret (29. sept.-1. okt.) i regi av Knut Olav Åmås blir i år som alltid tidlegare avvikla på Walaker Hotel i Solvorn, sjå program. Me i Stiftinga Wittgenstein tek del i seminaret med beretning og syning av bileter frå demonteringa og attreisinga av W-huset. Dessutan vil me som «vertskap» guide under befaringa til Huset på […]
I can’t imagine that I could have worked anywhere as I do here Ludwig Wittgenstein in a letter to G.E.Moore during his stay in Skjolden, October 1936
Etter arbeid gjennom fleire år kan Therese og Jørgen no presentere det gode resultatet.Sjå mellom anna opptak med unike tidsvitner om Wittgenstein i Skjolden.
Ivaretaking og drift av W-huset er den fremste oppgåva for styret i stiftinga. Men me er òg opptekne av landskap og dei kulturhistoriske bygningane på vegen inn til huset.
Etter fleire år med vage oppfatningar kring talfesting, fekk me i år konkrete tal frå personteljaren. Og resultatet på kring 2800 besøkande vart ei gledeleg overrasking og fleire gongar meir enn dei fleste kunne drøyme om!
Seminaret vart halde første helga i oktober ved Walaker Hotel i Solvorn, og sjølvsagt med dagsutflukt til Skjolden. Årets tema var «Wittgensteins verd. Nye blikk på Wien og wienerkulturen». Og ein gong i løpet av helga dukka det plutseleg opp eit flott LW-kunstverk i Skjolden av gatekunstnaren Töddel.
Martin Wallner (36) tok med seg tvillingsøstera Elisabeth og reiste til den verdskjende filosofen sitt unike hus bygd i ei ur over Eidsvatnet i Skjolden. Høgdepunktet var å ro over og gå i land i skråninga under huset, nett slik Ludwig Wittgenstein sjølv gjorde mange gonger.
Tre seminar med stor internasjonal deltaking avvikla i Skjolden