1913
Ludwig Wittgenstein leigde husvære hos postmeister Klingenberg. Her gjorde han forarbeida til det første hovudverket hans som seinare fekk namnet Tractatus Logico-Philosophicus. Samstundes teikna og planla han sitt eige hus i Skjolden.

Huset sto ferdig i 1914, 45 meter over Eidsvatnet med utsyn til bygda Skjolden. Wittgenstein ønskte å vera langt frå folk og så utilgjengeleg som mogleg. Plassen fekk på folkemunne namnet “Østerrike“.
Huset vart flytta til Bolstadmoen i Skjolden. Her vart det bygd oppatt med nokre endringar. Største endringa var at taket vart snudd 90 grader. Elles er huset intakt og kan lett verte restaurert attende til opprinneleg skikk.
Stiftinga Wittgenstein i Skjolden etablert 20. juni 2014. Luster kommune har kjøpt tomta. Huset skal attende til den intakte grunnmuren. Nye generasjonar skal få oppleve arbeidsplassen til Wittgenstein og sjølve bli inspirerte til å bryte eigne tankar.
Huset demontert hausten 2017, attreist i 2018 og innviingsmarkering i 2019 med 2-dagars arrangement, sjå programmet.
Huset og området i kring freda, formalisert ved arrangement 13. mai 2022 grunna korona.