Flytteprosjekt 2014-2019

2019

2. halvår 2019 har vore prega av stor interesse for vitjing av Wittgensteinhuset. Interesserte kan tinge guiding eventuelt leige nykkjel når som helst i perioden april-oktober, utlagt på Vassbakken Camping og Coop Skjolden. Huset er enno ikkje rusta for overnatting og matstell, slik det har vore forespørsel om frå inn- og utland. Utleige for lengre opphald vil kome i konflikt med dagsbesøkande. Ei ordning for dette kan det mogelegvis åpnast for før og etter den høgste sommarsesongen. Eit godt alternativ er å leige seg inn i Wittgensteins seng i hans blå rom på Eide Gard. I dette rommet budde han i periodar.

Milepelen den 20.-21. juni 2019: Statssekretær Sveinung Rotevatn ror direktør Linda Veiby, Riksantikvaren og direktør Knut Olav Åmås, Fritt Ord over Eidsvatnet til Wittgensteins ventande hus.

Dagen er lukkeleg runda, heilt etter programmet. Stiftinga Wittgenstein i Skjolden (SWiS) vart etablert for- og hadde kompetanse til, å flytte eit hus. Eit krevjande arrangement som dette stilte langt vidare krav til kompetanse, men attendemeldingane tyder på at det var to vellukka dagar. Spesielt er det inspirerande å registrere den store internasjonale merksemda. Tyske, austerrikske, engelske og portugisiske aviser og tidsskrift, inkludert riksdekkande tysk TV, har hatt reportasjar med bakgrunn i prosjektet.

I tillegg har båtprosjektet med referanse til «bodskap frå Wittgenstein», i regi av vår gode støttespelar, Marianne Heske – på bokmessa i Frankfurt -, skapt ekstra god publisitet om W-huset og Skjolden.

Der Standard:

https://www.derstandard.at/story/2000109925774/auf-wittgensteins-spuren-in-norwegen-die-gedanken-sollen-brennen

Hamburger Abendblatt:

https://www.abendblatt.de/kultur-live/buecher/article227371455/Wittgensteins-Boot-im-Norwegen-Pavillon.html

Schwäbische Zeitung:

https://www.schwaebische.de/ueberregional/panorama_artikel,-wittgensteins-boot-im-norwegen-pavillon-_arid,11127911.html

FAZ:   (tysk TV)

https://www.faz.net/aktuell/rhein-main/kultur/norwegen-pavillon-auf-der-buchmesse-16435155.html

https://www.zdf.de/kultur/aspekte/wittgensteins-boot-kuenstlerin-marianne-heske-102.html

Mai

– og so, feiring av sluttføringa: Velkomen til Skjolden!                                              Innviing program 20.-21. juni

 ——————————————————————————————————————

Kjærkomen privat sponsing i innspurtsfasen:

Klart for spartansk overnatting på originalbenken til Wittgenstein – 31. mai 2019

2018

Oktober

Det vakre steinhelletaket på plass

Juni

Ein luftig arbeidsplass!

Mai

Gjenoppbygginga av Wittgensteins hus har byrja!

2017

Desember

Luster kommune sluttar seg til dei store sponsorane med 0,9 mill. kr.

November

Sogn og Fjordane fylkeskommune bevilgar nok 1 mill. kr til prosjektet.

Oktober

Alt har gått etter planen!

MeTre AS v/Ole Martin Bakken & co har gjort ein glimrande jobb med demonteringsarbeidet so langt: riving av det som ikkje er originalt, demontering av det som skal ivaretakast, -og ikkje minst:  Skarpsindige observasjonar og registreringar for attendeføring av materialane slik originalkonstruksjonen var. I nært samråd med rådgjevar hos fylkeskonservator er planane allereie avklåra for attreisinga slik huset originalt var med den karakteristiske «tyrolar»-altanen i 2. etg..

September

Femtitalets utskjelte eternittplater som huset var kledd med, har gjort ein framifrå jobb: Furuplanken i laftekassa er «god som ny»! Husbukken, den store øydeleggjaren av hus i Luster, har gjort liten skade. Grunnen til dette er den gode kvaliteten på tømmeret, spesialbestilt malmfuru frå Frønningen, slik «byggjeleiaren» Hallvard Drægni i si tid råda Wittgenstein til å velgje.

August

Milepel: Demonteringa av huset starta 21. august 2017


Finansiering

Prosjektet er starta, til tross for manglande fullfinansiering. Men vårt mål er i første delprosjekt å sikre kulturarven: Innløyse huset, demontere og lagre det, alt medan me jobbar intens for allereide i 2018 å kunne realisere delmål 2: Gjenoppføringa.
Offentlege – og dei private pionersponsorane som fortener ein stor takk – kan du sjå i linken nedanunder. Her er òg invitasjon til å i ta del i «stein»-byggjeprosjektet. Send beskjed om val av din «stein» til «stiftinga-wittgenstein@gmail.com» og du vil bli registrert i oversikten når innbetalinga er komen på konto 3785.12.50604. Alle som bidreg med ein «W-stein» på kr 5.000,- eller større får tilsendt boka «Ludwig Wittgenstein og skjoldingane» av Harald Vatne.

Sponsorliste-180220


Juni

Avtalar inngått med:

– Familien Bjørn Bolstad: Detaljavtale for overtakinga av huset
– Arkitekt MNAL Ole Marius Manskow Løken: Utøvande arkitekt i prosjektet
– Professor, arkitekt MNAL Harald Røstvik om hans rolle som rådgjevar for utøvande arkitekt og avtale om samarbeid med hans 3U-prosjekt, universiteta i Berlin – Manchester – Cambridge.
– MeTre AS i Skjolden om demontering, ombyggjing og oppattføring av Wittgensteinhuset
–  Tor Inge Midtun, Skjolden om oppføring av ny bolig for familien Bjørn Bolstad som avga huset

Mars

Milepel: Styret vedtok den 9. mars- trass manglande fullfinansiering- oppstart av fase I i prosjektet: Ivaretaking av kulturminnet. Dette betyr demontering av huset, oppbevaring av materialane og attreising av boligen til familien som avsto huset.

Filosofen Wittgensteins hus i Skjolden blir finansiert

Sogn og Fjordane fylkeskommune bevilgar 1 mill. kr til prosjektet.   Stor takk til Fylkeskommunen frå SWiS!

Februar

Luster Sparebank bevilgar «grunnsteinen» i prosjektet !

Stor takk til Luster Sparebank frå oss i SWiS for inspirerande, lokal samhandling på rette tidspunkt!

2016

Desember

Fylkeskonservatoren i Sogn og Fjordane sender anmoding om fredningssak til Riksantikvaren.

November

Inngåing av avtale med kommunen om disposisjonsrett over tomta ved Eidsvatnet der huset til Wittgenstein skal attende.

August

Møter og befaring med Fylkeskonservatoren i Sogn og Fjordane om eventuell fredningssak.

Mai

Stiftelsen Vestenfjelske Bykreditt står fram som første sponsor. Bevilgar kr 125.000 til opprusting av stien opp frå Eidsvatnet.

April

Plan for einheitleg skilting og informasjon i Skjolden er under arbeid.

Heimesida «på lufta».

Februar

Informasjonsfoldar

Les meir

2015

Desember

One Life – Three Universities:

Inngåing av intensjonsavtale om samarbeid med akademiske miljø ved universiteta i Berlin-Manchester-Cambridge v/prof. Harald N. Røstvik.

Les meir

Mai

Inngåing av intensjonsavtale med huseigar om overtaking av Wittgensteinhuset som no står på Bolstadmoen i Skjolden.

Les meir

April

Etablering av Wittgensteinhusets Vener.

Wittgensteinhusets Vener

Januar-mars

Utarbeiding av bakgrunnsmateriell.

Kostnadskalkylar.

Kontaktskapande arbeid.

Framdriftsutgreiingar.

Avklåring av naudsynte tilleggsprosjekt for atkomst, taubane og anna.

Utarbeiding av logo og anna designmateriell.

2014

Etableringsorganisering.

Strategiarbeid.

Informasjonsarbeid.

20. juni

Etablering av Stiftinga Wittgenstein i Skjolden (SWiS)

Les meir