Kronologisk info – frå 2020

2022

13. mai:

Arrangement med riksantikvar  Hanna Geiran

Wittgensteinhuset og «Østerrike» (navnet som folket i Skjolden sette på området ikring og som no er innarbeidd på kart), vart freda i 2021. Grunna corona har det offisielle arrangementet for deklarering av fredinga vorte utsett til 2022.

Alle er hjarteleg velkomne til å bli kjent med huset denne dagen i godt og triveleg selskap!

Program:

2021

Wittgensteinseminaret med fagleg leiar Knut Olav Åmås

er i år  1.-3. oktober, og som alltid tidlegare, på Walaker Hotel med utflukt til Skjolden og W-huset laurdag 2. okt..   Sjå det gode program på:    program 2021   

Riv-av-brosjyre

For marknadsføring av W-huset spesielt og Skjolden/Luster generelt som turistmål har SWiS med støtte frå Luster Sparebank og Luster kommune produsert 100 blokker med riv-av-brosjyrer i A4-format, sjå:

How to get to the W-house in Skjolden

Blokkene er lagt ut på strategiske innreiseportar til Luster og på ulike turiststoppestader i kommunen.

 

Sponsoravtale med Luster Sparebank

SWiS har inngått ein 3-årig samarbeidsavtale med Luster Sparebank. Banken vil gje tilskot til drifta av stiftinga medan stiftinga skal promotere banken.

2020

For meir inngåande informasjon om aktiviteten i coronaåret 2020, sjå:

Årsmelding SWiS 2020

 

Elddåp for Wittgensteinhuset som arena

Laurdag 26. september innvidde Cecilie Løveid huset som arrangementarena. Knut Olav Åmås, som årleg i 9 år har hatt utflukt til berre grunnmuren på tomta  med deltakarane i sitt Solvornseminar, kunne no ved 10-årsjubileet for første gong syne det ferdige huset. Cecilie Løveid foredro sitt seminarinnlegg på loftet, og det fungerte svært godt. Sveivegrammofonen vart donert av Eirik Holm til elddåpen. Me ynskjer Åmås med sine filosofiengasjerte vener velkomen attende for minst 10 nye år!

Foto: Knut Olav Åmås

Nytt styre etablert i styremøte 8. juni

Etter at ordførar Ivar Kvalen trekte seg frå styret vart nytt styre etablert som følgjer:

Trygve Martinussen/frittståande – ny styreleiar,

Harald Vatne/Skjolden Bygdelag-nestleiar,

Jon Bolstad/Skjolden Aktiv,

Rune Falch/Universitetet i Bergen – sekretær

Marianne Bugge/Luster kommune.

Gode attendemeldingar i gjestebøkene

Gjennom heile våren og sommaren har det vore jamn valfarting av interesserte til huset. Dette ser me av gjestebøkene utomhus i bokkassa og den som ligg inne. Gjennomgåande blir det gitt uttrykk for at det er ei særskilt oppleving å ta seg opp til huset og her undre seg over mannen som søkte tilflukt i eige hus på denne fjellhylla. Det er gledeleg for stiftinga å kunne dele denne begeistringa med både dei fagleg filosofiske gjestande og like mykje med dei som kjem med eit åpent sinn.


Ynskjer du å lese meir om kva som skjedde mellom 2014 og 2019? Denne delen av historia ligg no her.