2022
13. mai:
Arrangement med riksantikvar Hanna Geiran
Wittgensteinhuset og «Østerrike» (navnet som folket i Skjolden sette på omerådet ikring og som no er innarbeidd på kart), vart freda i 2021. Grunna corona har det offisielle arrangementet for deklarering av fredinga vorte utsett til 2022.
Alle er hjarteleg velkomne til å bli kjent med huset denne dagen i godt og triveleg selskap!
Nærare program blir kunngjort her i februar/mars.
2021
Wittgensteinseminaret med fagleg leiar Knut Olav Åmås
er i år 1.-3. oktober, og som alltid tidlegare, på Walaker Hotel med utflukt til Skjolden og W-huset laurdag 2. okt.. Sjå det gode program på: program 2021
Riv-av-brosjyre
For marknadsføring av W-huset spesielt og Skjolden/Luster generelt som turistmål har SWiS med støtte frå Luster Sparebank og Luster kommune produsert 100 blokker med riv-av-brosjyrer i A4-format, sjå:
How to get to the W-house in Skjolden
Blokkene er lagt ut på strategiske innreiseportar til Luster og på ulike turiststoppestader i kommunen.
Sponsoravtale med Luster Sparebank
SWiS har inngått ein 3-årig samarbeidsavtale med Luster Sparebank. Banken vil gje tilskot til drifta av stiftinga medan stiftinga skal promotere banken.
2020
For meir inngåande informasjon om aktiviteten i coronaåret 2020, sjå:
Årsmelding SWiS 2020
Elddåp for Wittgensteinhuset som arena
Laurdag 26. september innvidde Cecilie Løveid huset som arrangementarena. Knut Olav Åmås, som årleg i 9 år har hatt utflukt til berre grunnmuren på tomta med deltakarane i sitt Solvornseminar, kunne no ved 10-årsjubileet for første gong syne det ferdige huset. Cecilie Løveid foredro sitt seminarinnlegg på loftet, og det fungerte svært godt. Sveivegrammofonen vart donert av Eirik Holm til elddåpen. Me ynskjer Åmås med sine filosofiengasjerte vener velkomen attende for minst 10 nye år!
Foto: Knut Olav Åmås
Nytt styre etablert i styremøte 8. juni
Etter at ordførar Ivar Kvalen trekte seg frå styret vart nytt styre etablert som følgjer:
Trygve Martinussen/frittståande – ny styreleiar,
Harald Vatne/Skjolden Bygdelag-nestleiar,
Jon Bolstad/Skjolden Aktiv,
Rune Falch/Universitetet i Bergen – sekretær
Marianne Bugge/Luster kommune.
Gode attendemeldingar i gjestebøkene
Gjennom heile våren og sommaren har det vore jamn valfarting av interesserte til huset. Dette ser me av gjestebøkene utomhus i bokkassa og den som ligg inne. Gjennomgåande blir det gitt uttrykk for at det er ei særskilt oppleving å ta seg opp til huset og her undre seg over mannen som søkte tilflukt i eige hus på denne fjellhylla. Det er gledeleg for stiftinga å kunne dele denne begeistringa med både dei fagleg filosofiske gjestande og like mykje med dei som kjem med eit åpent sinn.
2019
2. halvår 2019 har vore prega av stor interesse for vitjing av Wittgensteinhuset. Interesserte kan tinge guiding eventuelt leige nykkjel når som helst i perioden april-oktober, utlagt på Vassbakken Camping og Coop Skjolden. Huset er enno ikkje rusta for overnatting og matstell, slik det har vore forespørsel om frå inn- og utland. Utleige for lengre opphald vil kome i konflikt med dagsbesøkande. Ei ordning for dette kan det mogelegvis åpnast for før og etter den høgste sommarsesongen. Eit godt alternativ er å leige seg inn i Wittgensteins seng i hans blå rom på Eide Gard. I dette rommet budde han i periodar.
Milepelen den 20.-21. juni 2019: Statssekretær Sveinung Rotevatn ror direktør Linda Veiby, Riksantikvaren og direktør Knut Olav Åmås, Fritt Ord over Eidsvatnet til Wittgensteins ventande hus.
Dagen er lukkeleg runda, heilt etter programmet. Stiftinga Wittgenstein i Skjolden (SWiS) vart etablert for- og hadde kompetanse til, å flytte eit hus. Eit krevjande arrangement som dette stilte langt vidare krav til kompetanse, men attendemeldingane tyder på at det var to vellukka dagar. Spesielt er det inspirerande å registrere den store internasjonale merksemda. Tyske, austerrikske, engelske og portugisiske aviser og tidsskrift, inkludert riksdekkande tysk TV, har hatt reportasjar med bakgrunn i prosjektet.
I tillegg har båtprosjektet med referanse til «bodskap frå Wittgenstein», i regi av vår gode støttespelar, Marianne Heske – på bokmessa i Frankfurt -, skapt ekstra god publisitet om W-huset og Skjolden.
Der Standard:
Hamburger Abendblatt:
Schwäbische Zeitung:
FAZ: (tysk TV)
Mai
– og so, feiring av sluttføringa: Velkomen til Skjolden! Innviing program 20.-21. juni
——————————————————————————————————————
Kjærkomen privat sponsing i innspurtsfasen:
Klart for spartansk overnatting på originalbenken til Wittgenstein – 31. mai 2019
2018
Oktober
Det vakre steinhelletaket på plass
Juni
Ein luftig arbeidsplass!
Mai
Gjenoppbygginga av Wittgensteins hus har byrja!
2017
Desember
Luster kommune sluttar seg til dei store sponsorane med 0,9 mill. kr.
November
Sogn og Fjordane fylkeskommune bevilgar nok 1 mill. kr til prosjektet.
Oktober
Alt har gått etter planen!
MeTre AS v/Ole Martin Bakken & co har gjort ein glimrande jobb med demonteringsarbeidet so langt: riving av det som ikkje er originalt, demontering av det som skal ivaretakast, -og ikkje minst: Skarpsindige observasjonar og registreringar for attendeføring av materialane slik originalkonstruksjonen var. I nært samråd med rådgjevar hos fylkeskonservator er planane allereie avklåra for attreisinga slik huset originalt var med den karakteristiske «tyrolar»-altanen i 2. etg..
September
Femtitalets utskjelte eternittplater som huset var kledd med, har gjort ein framifrå jobb: Furuplanken i laftekassa er «god som ny»! Husbukken, den store øydeleggjaren av hus i Luster, har gjort liten skade. Grunnen til dette er den gode kvaliteten på tømmeret, spesialbestilt malmfuru frå Frønningen, slik «byggjeleiaren» Hallvard Drægni i si tid råda Wittgenstein til å velgje.
August
Milepel: Demonteringa av huset starta 21. august 2017
Finansiering
Prosjektet er starta, til tross for manglande fullfinansiering. Men vårt mål er i første delprosjekt å sikre kulturarven: Innløyse huset, demontere og lagre det, alt medan me jobbar intens for allereide i 2018 å kunne realisere delmål 2: Gjenoppføringa.
Offentlege – og dei private pionersponsorane som fortener ein stor takk – kan du sjå i linken nedanunder. Her er òg invitasjon til å i ta del i «stein»-byggjeprosjektet. Send beskjed om val av din «stein» til «stiftinga-wittgenstein@gmail.com» og du vil bli registrert i oversikten når innbetalinga er komen på konto 3785.12.50604. Alle som bidreg med ein «W-stein» på kr 5.000,- eller større får tilsendt boka «Ludwig Wittgenstein og skjoldingane» av Harald Vatne.
Juni
Avtalar inngått med:
– Familien Bjørn Bolstad: Detaljavtale for overtakinga av huset
– Arkitekt MNAL Ole Marius Manskow Løken: Utøvande arkitekt i prosjektet
– Professor, arkitekt MNAL Harald Røstvik om hans rolle som rådgjevar for utøvande arkitekt og avtale om samarbeid med hans 3U-prosjekt, universiteta i Berlin – Manchester – Cambridge.
– MeTre AS i Skjolden om demontering, ombyggjing og oppattføring av Wittgensteinhuset
– Tor Inge Midtun, Skjolden om oppføring av ny bolig for familien Bjørn Bolstad som avga huset
Mars
Milepel: Styret vedtok den 9. mars- trass manglande fullfinansiering- oppstart av fase I i prosjektet: Ivaretaking av kulturminnet. Dette betyr demontering av huset, oppbevaring av materialane og attreising av boligen til familien som avsto huset.
Filosofen Wittgensteins hus i Skjolden blir finansiert
Sogn og Fjordane fylkeskommune bevilgar 1 mill. kr til prosjektet. Stor takk til Fylkeskommunen frå SWiS!
Februar
Luster Sparebank bevilgar «grunnsteinen» i prosjektet !
Stor takk til Luster Sparebank frå oss i SWiS for inspirerande, lokal samhandling på rette tidspunkt!
2016
Desember
Fylkeskonservatoren i Sogn og Fjordane sender anmoding om fredningssak til Riksantikvaren.
November
Inngåing av avtale med kommunen om disposisjonsrett over tomta ved Eidsvatnet der huset til Wittgenstein skal attende.
August
Møter og befaring med Fylkeskonservatoren i Sogn og Fjordane om eventuell fredningssak.
Mai
Stiftelsen Vestenfjelske Bykreditt står fram som første sponsor. Bevilgar kr 125.000 til opprusting av stien opp frå Eidsvatnet.
April
Plan for einheitleg skilting og informasjon i Skjolden er under arbeid.
Heimesida «på lufta».
Februar
Informasjonsfoldar
2015
Desember
One Life – Three Universities:
Inngåing av intensjonsavtale om samarbeid med akademiske miljø ved universiteta i Berlin-Manchester-Cambridge v/prof. Harald N. Røstvik.
Mai
Inngåing av intensjonsavtale med huseigar om overtaking av Wittgensteinhuset som no står på Bolstadmoen i Skjolden.
April
Etablering av Wittgensteinhusets Vener.
Wittgensteinhusets Vener
Januar-mars
Utarbeiding av bakgrunnsmateriell.
Kostnadskalkylar.
Kontaktskapande arbeid.
Framdriftsutgreiingar.
Avklåring av naudsynte tilleggsprosjekt for atkomst, taubane og anna.
Utarbeiding av logo og anna designmateriell.
2014
Etableringsorganisering.
Strategiarbeid.
Informasjonsarbeid.
20. juni
Etablering av Stiftinga Wittgenstein i Skjolden (SWiS)