Guiding

Stiftinga Wittgenstein i Skjolden kan tilby guiding på norsk og engelsk til- og i Wittgensteinhuset over følgjande tema:

  • Wittgenstein sitt liv og virke på Skjolden, og kontakt med bygdafolket
  • historia om Wittgenstein-huset
  • bakgrunnen hans frå Wien og universitetet i Cambridge
  • svært kortfatta om filosofien hans.

Start og avslutning på guidinga er på parkeringsplassen ved Vassbakken Kro og Camping. Guidinga varer totalt ca. 2 timar. Gangtida til huset er ca. 30 minuttar. Ver merksam på at deler av stien er steinete eller bratt. NB! Ta med gode sko, gjerne joggesko med solid såle eller fjellstøvlar.

Pris for guidinga pr. gruppe er frå 1600 kr. Inngangspengar blir betalt til stiftinga, der pris er 100 kr pr. vaksen person. Pris studentar og tenåringar 50 kr, born gratis. Ved fleire enn 2 vaksne i same familie er pris 50 kr for nr. 3 osv..

Grunna avgrensa tilgang på guidar vil tenesta dessverre ikkje vera tilgjengeleg alle dagar i sesongen.

Ver gjerne ute i god tid med førespurnad eller bestilling på epost: guide@stiftinga-wittgenstein.no

Meir informasjon ved Oddvin Sørheim, mobil 90015436.