For meir inngåande informasjon om aktiviteten i coronaåret 2020, sjå:
Årsmelding SWiS 2020
Elddåp for Wittgensteinhuset som arena
Laurdag 26. september innvidde Cecilie Løveid huset som arrangementarena. Knut Olav Åmås, som årleg i 9 år har hatt utflukt til berre grunnmuren på tomta med deltakarane i sitt Solvornseminar, kunne no ved 10-årsjubileet for første gong syne det ferdige huset. Cecilie Løveid foredro sitt seminarinnlegg på loftet, og det fungerte svært godt. Sveivegrammofonen vart donert av Eirik Holm til elddåpen. Me ynskjer Åmås med sine filosofiengasjerte vener velkomen attende for minst 10 nye år!
Foto: Knut Olav Åmås
Nytt styre etablert i styremøte 8. juni
Etter at ordførar Ivar Kvalen trekte seg frå styret vart nytt styre etablert som følgjer:
Trygve Martinussen/frittståande – ny styreleiar,
Harald Vatne/Skjolden Bygdelag-nestleiar,
Jon Bolstad/Skjolden Aktiv,
Rune Falch/Universitetet i Bergen – sekretær
Marianne Bugge/Luster kommune.
Gode attendemeldingar i gjestebøkene
Gjennom heile våren og sommaren har det vore jamn valfarting av interesserte til huset. Dette ser me av gjestebøkene utomhus i bokkassa og den som ligg inne. Gjennomgåande blir det gitt uttrykk for at det er ei særskilt oppleving å ta seg opp til huset og her undre seg over mannen som søkte tilflukt i eige hus på denne fjellhylla. Det er gledeleg for stiftinga å kunne dele denne begeistringa med både dei fagleg filosofiske gjestande og like mykje med dei som kjem med eit åpent sinn.