Martin kom heilt frå Austerrike for å ro over til «Østerrike» i Skjolden

Martin Wallner (36) tok med seg tvillingsøstera Elisabeth og reiste til den verdskjende filosofen sitt unike hus bygd ved Eidsvatnet i Skjolden. Høgdepunktet var å ro over og gå i land i skråninga under huset, nett slik Ludwig Wittgenstein sjølv gjorde mange gonger.

Tekst og foto: Eli Hansen Moen

Martin Wallner bur til dagleg i Wien og jobbar ved Wien Doctoral School of Social Sciences og ved KL Universitetet i Krems. Elisabeth Wallner er utdanna og jobbar innan psykiatrien ved eit rehabiliteringssenter nær Linz. Søskenparet har reist saman i fleire år, mellom anna til Lofoten og Prekestolen ved Stavanger, og dette var deira tredje reise saman til Norge. I samband med ein bachelorsgrad i sjukepleie fekk Martin eit semester i Norge og Fredrikstad i 2010, og han har sidan vore glad i norsk natur og levemåte, og han har også lært seg litt norsk. Martin har sidan teke Mastergrad innan sjukepleievitskap, og jobbar no med ei doktorgrad innan intervensjonsteori og -metode der mennesket er i sentrum.

Målet for reisa

Hovudformålet med denne reisa var å besøke Wittgensteinhuset i Skjolden. I løpet av deira 5 dagar i Skjolden fekk dei god tid til å besøke huset fleire gonger, i tillegg til å oppleve det vakre landskapet i Skjolden og omgjevnadane. Huset var mykje større enn dei hadde venta, og dei likte den friske, kjølege lufta og lukta av trevirke inne i huset. Eidsvatnet strekkjer seg mykje lenger og bygda var enno vakrare enn Elisabeth og Martin forventa. Imponerande fjell og fossar, smaragdgrøn innsjø og fjord, dei vakre fargane som endra seg i løpet av dagen og dei ulike vérforholda bidro til atmosfæriske scener som dei knapt kunne få nok av, seier dei. På toppen av det heile likte dei godt den hyggjelege landsbyatmosfæra og alle dei vakre trehusa i Skjolden sentrum.

For godt til å vera sant

Martin Wallner har sidan 2017 kjent til Skjolden som Wittgenstein sin tilfluktsstad og stad å tenke på. På ein slump oppdaga han ein dobbeltbiografi om Wittgenstein og Heidegger i eit vindauge til ein bokhandel i Wien, og han brukte romjula til å lesa boka. Han hadde ein del kjennskap til Heidegger frå studiane i filosofi, men Wittgenstein hadde han knapt høyrt om. Sidan den jula har han vore hekta på og fascinert av Wittgenstein sitt liv og arbeid. Wallner tykkjer at Wittgenstein levde i ei historisk svært interessant tid med sin kulturelle bakgrunn frå eit dekadent liv i Wien rundt sekelskiftet. Familien sin enorme rikdom frå stålindustrien gjorde at Ludwig Wittgenstein vaks opp i eit hus der kunst og kultur fekk stor plass. Wallner har sidan lese Ray Monk si bok «Duty of Genius» og fleire andre biografiske beretningar, samt «Wittgenstein og Norge » av Johannessen/Larsen/Åmås.

«Det at Wittgenstein eigde eit hus i Norge, verka nesten for godt til å vere sant. I 2019 lærte eg gjennom sosiale media (Twitter, trur eg) at huset var blitt attreist. Eg var svært begeistra for dette, og eg la straks planar for å reise til Skjolden. Reiseplanane vart brått knust av pandemien, men i år kunne planane endeleg la seg materialiserast!»

Høgdepunkt

Foto: Elisabeth Wallner

Wallner tykkjer han er heldig som bur i Austerrike, eit land der Ludwig Wittgenstein har etterlete seg fleire merkje. I Wien står huset som Ludwig teikna og søstera bygde (i Wiens tredje område), og som søskena Wallner sjølvsagt har besøkt. Dei har også oppsøkt landsbyane sør for Wien der Wittgenstein arbeidde som skulelærar, samt skulen i Linz der Wittgenstein var elev.

I år vart ønskje om å besøke Skjolden til slutt oppfylt, og Martin Wallner kan lukkeleg leggje Skjolden til lista over Wittgenstein-relaterte stader han har vore. Wallner sitt personlege høgdepunkt var å ro båten langsamt over Eidsvatnet, nett som om det var henta frå eit nasjonalromantisk måleri, leggje til ved foten av stigen og gå opp til huset i «Østerrike». Søskenparet erfarte at Wittgenstein sin båt var vanskelegare å ro enn forventa, men at det gjekk flott så snart dei fekk taket på det.

Wittgenstein og skjoldingane

Wallner var også klar over at ein finn att Wittgenstein stort sett overalt på Skjolden og slik sett nesten umogleg å gå glipp av. Han tykte særleg godt om dei store, brune sørvisskilta meint for turistar og andre vegfarande langs fv.55 som gir informasjon om Wittgenstein. I tillegg sette han stor pris på arbeidet SWiS (Stiftinga Wittgenstein i Skjolden) har gjort for å halde minna levande om filosofen si tid i bygda, samt vennlege, interesserte og hjelpsame folk både i stiftinga, på Fjordstova, Coop Marked Skjolden og Vassbakken Camping. Særleg boka «Ludwig Wittgenstein og skjoldingane» av Harald Vatne (Vatne Visjon) opplevde han som eit skattkammer med detaljar frå filosofens sitt liv og virke i bygda.

Neste mål på lista blir truleg eit besøk til Cambridge, men Wallner er overtyda om at ingen andre stader kan måle seg med Skjolden. Hit skal han reise tilbake, det er han heilt sikker på!