Wittgenstein seminar 2022

Seminaret vart halde første helga i oktober ved Walaker Hotel i Solvorn, og sjølvsagt med dagsutflukt til Skjolden. Årets tema var «Wittgensteins verd. Nye blikk på Wien og wienerkulturen». Og ein gong i løpet av helga dukka det plutseleg opp eit flott LW-kunstverk i Skjolden av gatekunstnaren Töddel.

Tekst: Eli Hansen Moen

Seminaret starta fredag kveld med at Trygve Martinussen fortalde og synte bileter om korleis huset til Wittgenstein vart attreist etter meir enn 60 år i bustadfeltet i bygda. Deretter vart Derek Jarman sin film Wittgenstein frå 1993 vist. Under den velsmakande middagen fekk deltakarane underhaldning av «Norges morsomste mann» (sitat Åmås), satirikaren Dagfinn Nordbø.

Knut Olav Åmås (foto: Tone Bay)
Dagfinn Nordbø (foto: Tone Bay)

Etter laurdag føremiddagens gode faglege forelesningar (sjå kortfatta referert av Tone Bay nedanunder) fekk deltakarane guida busstur til Skjolden. Etter ein kort stogg i Skjolden sentrum var det tid for lunsj på det tidlegare hotellet/pensjonatet ved Eide Gard. I andre etasje her hadde Ludwig Wittgenstein sitt eige rom der han tidvis budde. Og det var her forloveden Marguerite budde då ho vitja Skjolden i 1931. Harald Vatne heldt her eit kort føredrag om skjoldingane og Wittgenstein, eller «østerrikaren» som dei lokale sa. Wittgenstein hadde eit godt vennskap til mange i bygda, ikkje minst gardsfrua på Eide, Anna Rebni.

Til tross for mykje nedbør dei siste dagane som gjorde stien både gjørmete og sleip, kom alle deltakarane seg opp til huset i «Østerrike». Der orienterte styreleiar Trygve Martinussen nærare om det tekniske ved sjølve huset, om filosofien som var lagt til grunn for innreiinga, og om inventaret. Han kommenterte også stiftinga sin økonomi etter spørsmål om denne. Deltakarane var særs sams om at huset og plassen er av stor betydning langt utover Luster og landet sine grenser! Fleire uttrykte at her bør både fylke, kommune og bygdelag kjenne si rolle som vertskap og delta i å leggje forholda betre til rette for meir merksemd og aktivitet.

Tor Espen Aspaas (foto: Trygve Martinussen)

Før middagen laurdag kveld fekk deltakarane eit engasjerande konsertføredrag «Frå wienerklassisme til Wittgenstein på 30 minutt» av den eminente musikkprofessoren Tor Espen Aspaas.

På seminaret sin siste dag fekk deltakarane høyre Lars F.H. Svendsen sitt føredrag om kva Wittgenstein meinte om filosofien sitt mål, meining og metode. Aspaas ga på nytt ei fengande innføring i temaet namnebrørne Ludwig i winerkulturen (Beethoven og Wittgenstein) og til sist Åmås sitt føredrag om filosofisyn, verdssyn og kunstsynet til Wittgenstein.

Og før helga var over, hadde Skjolden hatt besøk av den mystiske gatekunstnaren Töddel som etterlet seg eit flott Wittgenstein-kunstverk like ved Eidsvatnet.

Vedlagt ein kopi av eit innlegg av Tone Bay i sosiale medier som vi har fått lov til å gjengi. Bay var ein av deltakarane ved årets seminar:

Tone Bay er ein av W-huset sine kjæraste entusiastar. Ho har vitja tomta/huset fleire gonger og har ved sidan av filosofien også ein sans utover det vanlege for observasjonar, refleksjon og påfunn. Her strekker ho ut ved ein underfundig installasjon undervegs til W-huset.