Første året med personteljar vart ei positiv overrasking

Etter fleire år med vage oppfatningar kring talfesting, fekk me i år konkrete tal frå personteljaren. Og resultatet på kring 2800 besøkande vart ei gledeleg overrasking og fleire gongar meir enn dei fleste kunne drøyme om!

Tekst og bilete: Eli Hansen Moen

Personteljinga syner at turen gjennom kulturlandskapet opp til det freda Wittgensteinhuset, er ein betydeleg attraksjon. Dei besøkande variera frå langvegsfarande med primært mål å oppleva huset/plassen, turistar i Skjolden som tilfeldigvis blir klar over denne spesielle attraksjonen, skuleklassar på ekskursjon, til bryllaupsfotografering og lokalt busette og trimmarar som nyttar den fantastiske utsikten som turmål. Folket i Skjolden er i ferd med å ta til seg eigarkjensle for Wittgensteinhuset.

Til dømes tre italienske studentar som kom frå Roma heilt til Skandinavia for å oppleva Wittgenstein sin arbeidsplass. Europaturen for deira studiereise skulle omfatta dei store kunstmetropolane Berlin og Wien. Samt Skjolden.

Eller austerrikaren Martin som tok med seg tvillingsystera Elisabeth og oppsøkte filosofen sitt hus på fjellhylla over Eidsvatnet i Skjolden. Høgdepunktet var å ro over og gå i land i skråninga under huset, nett slik Ludwig Wittgenstein sjølv gjorde mange gonger. Hovudformålet med denne reisa var å besøkja Wittgensteinhuset. Deira neste tur skulle gå til Cambridge i England.

Etter ein flott sesong med fredningsmarkering, mange besøkande frå inn- og utland, skulebesøk, spennande tv- og lydprosjekt, seminar, gatekunst med meir, ser me i stiftinga 2023 lyst i møte med fleire gledelege opplevingar, utfordringar og vidare utvikling av området.

Les også omtale i Sogn Avis den 28. desember 2022