W-seminar 2023 og W-filmpremiere 30. sept.

Wittgensteinseminaret (29. sept.-1. okt.) i regi av Knut Olav Åmås blir i år som alltid tidlegare avvikla på Walaker Hotel i Solvorn, sjå program. Me i Stiftinga Wittgenstein tek del i seminaret med beretning og syning av bileter frå demonteringa og attreisinga av W-huset. Dessutan vil me som «vertskap» guide under befaringa til Huset på laurdag og under bussturen til Skjolden.

Spesielt i år er at det vil bli premiere på filmen om Wittgenstein, i Skjolden laurdag kl. 16:00, spesielt vinkla mot den kontakten han hadde med folk i Skjolden. Filmen er regissert av Therese Jacobsen og fotograf er Jørgen Nordby.

Stiftinga Wittgenstein i Skjolden ynskjer velkomen til gode opplevingar i Luster!