Tekst og foto: Trygve Martinussen
Stiftinga Wittgenstein i Skjolden (SWiS) har som sitt fremste føremål å drifte W-huset. Ved sida av dette kjenner me også på ansvaret for ivaretaking av landbrukskulturlandskapet på vegen inn til huset. Me vil for all del hindre at nok eit gamalt hus med kvar sin unike kulturbakgrunn skal bryte saman.
Eit viktig mål for oss var å føre løa attende til det opprinnelege omfang. Etter demonteringa av tilbygget står bygningen fram i sin vakre, originale arkitektur. Dei aller fleste av desse talrike typiske løene i Luster har brote saman.
Eit anna mål for oss var å innreie ein plass for informasjon og å bygge eit lagerrom.
I tillegg nyttar me løa som vinterlagringsplass for Wittgensteinbåten.
Velfortent kvil for dugnadsgjengen frå austlandet etter demonteringa av tilbygget i april 2023. Deretter «takk for i dag» frå Vegard Bolstad og Jan Nyberg etter hard innsats med rydding og innreiingsarbeid i august 2024.
Resultatet: Ein god innomhusplass med rustikke materialar og katedralsk belysning for utstilling og informasjon. Her kan visast bilder frå prosjektet med flyttinga av huset og guida grupper kan få informasjon i forkant av turen opp til W-huset. Døra inn til lagerrommet er berga frå ei løe som skulle rivast i Mørkridsdalen.
Gløtt inn i det nye lagerrommet, «rom i rommet» med blekktak.