Filosofen
Ludwig Wittgenstein (1889-1951) frå Austerrike var ein av dei største filosofane på 1900-talet. Med dei to verka Tractatus Logico-Philosopichus og Filosofiske undersøkingar har han vore retningsgivande for mellom anna logikk og språkfilosofi.
Hausten 1913, 24 år gammal, braut han opp frå det akademiske livet i Cambridge og drog til Norge for å få ro til å arbeida med logikken. Ferda enda i Skjolden innerst i Sognefjorden. Her førte han opp eit hus som han nytta når han var i Skjolden.
Stanford Encyclopedia of Philosophy